(Trønderdebatt)

Kulturaktøren lever og leverer sjølvsagt for myntene i gitaretuiet. Næringsaktøren lever og leverer sjølvsagt for profitten. Begge vil gjerne oppnå resultat med gevinst nok til å forsvare livsstilen og innsatsen økonomisk.

Det er mange som også ser at kulturaktøren lever og leverer for å kunne sjå tilbake på spora etter åndsverka ein skapte. Det er mange som ser at næringsaktøren lever og leverer for å kunne sjå fotavtrykka etter produkta og tjenestene ein skapte. Begge vil levere noko som har vore viktig for folk og bind namn og merkevare til noko nyttig og viktig.

Mange opplever at kulturaktøren lever og leverer for applausen. Mange oppdager at næringsaktøren også lever og leverer for det meir lyddempa klappet på skuldra.

Å leve som artist, eller leve som næringsdrivande, er ein livsstil gjennom ein unormal arbeidsdag og humpete årshjul. Det er eit skaparverk. Kulturaktøren må ha gevinst til å hyre nye samarbeidspartnarar i nye produksjonar. Den næringsdrivande må ha gevinst til å ha nok tilsette og høve til å ekspandere og utvikle.

Kulturaktøren og den næringsdrivande er eigentleg av same sort. Begge skaper, leverer, utvidar, utviklar og når ut til eit publikum. Dei lever i ein ustabil sfære med høg risiko og familiære og personlege kostnader som slike livsstilar pregar.

Kultur og næring har felles drivkrefter, felles mekanismar, mål og arbeidsmetodar. Det er produktskaping, merkevarebygging, underledd, marknad og marknadsføring. Det er nybrottsarbeid og vidareføring av tradisjonar. Likevel oppstår stundom konstruerte motsetnader i ordskiftet når politikk og prioriteringar er tema. Begge konkurerer om å bli sett for same skaparlyst.

Kulturlivet er tjent med å skape alliansar til næringslivsaktørane. Næringslivsaktørane er tjent med å skape alliansar til kulturaktørane. Begge arbeider i samfunnsfelt der begge vil vinne på å arbeide for dei som vil skape.

Næringslivet bør støtte- og kjempe for prioritering av kultursatsingar fordi det skaper vekst for næringslivet i mange ledd. Bolyst, trivsel, livskvalitet, identitet og framtidstru, skaper kjøpelyst. Kulturbransjen skaper jamvel ringverknader for reise, overnatting, servering, detaljhandel, omdømebygging osv. Kulturlivet bør støtte gode kår for næringslivsaktørar og stille opp for næringslivet når dei vil ta ekstra sats og stå ved næringslivet si side når det trengst som mest.

Det er også slik at næringslivet står for ein veldig stor del av det folk får delta i og oppleve av kultur. Ofte er artisten sjølv næringsdrivande. Ofte er det føretak som organiserer turnear og konsertar. Ofte er det lyd- og lysteknikaren som er sjølve mediumet. Ofte er det marknadsføring som krev nytte av trykkeri-, reklame og PR-bransje. Ofte er konsertar ein del av eit næringslivsarrangement. Ofte står næringslivet bak med spons. Ofte er det hotellet, restauranten eller cafeen som er arena for ein intimkonsert eller eit større arrangement. Ofte sender næringslivet sine tilsette på eit kulturarrangement for å bygge arbeidsmiljø og livskvalitet. Om ikkje kulturaktørar og næringslivsaktørar er drivkrefter for lokal utvikling, er dyrekjøpte kommunale visjonar visjonslause.

I over eitt år har mange i kultur- og næringsliv kjent på ei utrygg tid. Ein del har tilpassa seg og funne nye måtar å leve vidare på. Ein del er på vent til det går over. Ein del held hovudet så vidt over vatn og ein del ligg under vasstripa med stimulirespirator frå kulturrådet. Kriser er vanskelege. Men kriser har ei spennande tid etter krisa der nye ting kan skje. Min appell er at vi går inn i ei tid der vi alle applauderer ho som vil skape og at dei som vil skape er i allianse for kvarandres vokster. Vinden bles i alle retningar. Seila kan vi styre saman.

Einkvar er ikkje smed for si eiga lukke. Einkvar er ein arbeidshest for andre sin livskvalitet og stoltheit for andsverket eller fotavtrykket. Vi er rike i Noreg fordi vi har eit rikt kulturliv og samfunn med meining. Vi er rike fordi vi har eit variert næringsliv som vil skape produkt og tjenester. Vi er rike fordi vi fordeler på toppane av lukka til ei offentleg forvalting.

Kultur styrkar næringsliv. Næringsliv styrkar kultur. Visjonane om gode liv og gode samfunn frå det offentlege er avhengig av dei som veljer ein livsveg i evig risiko, prestisje- og meirarbeid og ikkje evige marknader.